Flyr du over byen, bør du være oppmerksom på luftsport aktivitet fra Ulriken. Her er brev fra Bergen Hang og Paragliderklubb:
Vær oppmerksom på luftsport området Ulriken.
Det er på tide å friske opp i gamle avtaler og prosedyrer ifm inn/utflyging fra HUS, og korleis me samarbeider i dette luftrommet – utan å kome i konflikt.
Ein del år har gått sidan sist dette vart formidla, og me (Bergen Hang og Paragliderklubb (BHPK)) ser behov for å sende ut informasjon på nytt. Samtidig har det skjedd nokre endringar både ift luftromsstruktur og anbefalte prosedyrer mht luftsportsaktivitet . Meir om det lenger ned.
1. Inn og utflygingstrase for HKP til HUS vs områder for luftsport Speedrider/paraglider (SPG/PG).
For ein del år tilbake samla luftsportsmiljøet og helikopter/FW aktørar seg for å lage ein generell avtale om bruk av luftrommet ved HUS/Ulriken. I korte trekk handler dette om visse områder og traseer som skal benyttes for å minimere sjansen for konflikt. Dette dokumentet er det me framleis bruker som grunnlag, og ønsker å få til på mest smidig måte. Sjå vedlegg #1. (åpnes best i Google Earth)
Generelt skal luftsport halde seg ved Ulriksfjellet, deretter fly i ein korridor forbi Montana/Nymark og fly av høgde vest/nordvest av Brann stadion før innflyging på Nymark. HKP inn/ut frå HUS flyr trase nordvest eller Sør-søraust frå HUS. GA trafikk i transit og/eller sightseeing bør halde seg vest av Kanalveien. Dette forklares som nevnt i vedlagt .kmz fil.
Nokon gonger blir ein «tvungen» inn i same område til same tid. Då er det viktig å være observant! Sjølv om vedlegg viser områder ein skal forvente kvarandre, så opererer ein fortsatt iht VFR der «see and avoid» gjeld fyrst og fremst.
2. Luftrom.
Luftrommet ved Ulriken er endra sidan sist. TMA er heva til 2500 ft. Dette betyr at ein kan forvente luftsport også over toppen av Ulriken, opp mot 2500 ft. Dette er ein korridor som strekker seg austover. Dette medfører at approach mot HUS frå austleg sektor vil kunne ha luftsportsaktivitet i denne høgda på godværsdagar. Vær obs! Sjå vedlegg #2.
3. SafeSky
Som eit hjelpemiddel ift å være synleg som luftsportsutøver så oppfordrer BHPK alle som bruker Ulriken som utgangspunkt å benytte SafeSky. Safesky er ein app som gjer at luftsport blir synleg på kart. Denne er kompatibel med mange av dei mest nytta navigasjons plattformer innan luftfart, som f eks AirNavPro, Foreflight m.fl. Då vil ein kunne få opp luftsport (samt droner mm) som target i kart i TCAS format (+/- rel høyde, med ref til tid ift nærhet og varslig). I tillegg vil ein også få all anna trafikk med transponder eller ADS på samme kart. Oppfordrer på det sterkeste at helikopter inn/ut frå HUS bruker SafeSky eller har integrert SafeSky mot anna nav plattform for auka situational awareness.
Lenke til SafeSky: SafeSky | A Traffic Awereness App for All Pilots
* BHPK har ikkje myndighet å pålegge bruk av SafeSky, heller ikkje ha tilsyn med det. Men det blir sterkt oppfordra til det, og generelt er mange flinke til å bruke det. BHPK jobber stadig med å auke prosentandelen SafeSky brukarar. Forvent alltid fleire SPG/PG enn det som er vist i SafeSky. Bruk SafeSky som ein indikasjon på at det er aktivitet, følg (så langt det lar seg gjere) avtalte inn/utflygingstraseer, og vær oppmerksom på dagar med godt vær.
for BHPK
Johannes Helleland